torsdag 1. mai 2008

Nordmannen

Fordi jeg kjeder meg, og fordi jeg ikke har noe å gjøre på, og fordi jeg ikke har noe å blogge om, og fordi Helene hadde postet kåseriet sitt og fordi eg elskar nynorsk - poster jeg nynorsktentamenen min :)
Du ikke lese, men det hadde vært litt kult! (ww)

Nordmannen
Kva vil det seie å vere nordmann? Kven er nordmenn? No som verda har fletta seg saman og knytt mange ulike kulturar nærmare kvarandre blir det vanskelegare og vanskelegare å skilje nordmann frå utlending. I dag finn du svarte nordmenn, tyrkarar som pratar norsk, amerikanarar i luse-kufte og bleike Gudrunn frå Sogndal som heilfrelst hindu. Kven av desse er det vi kallar nordmenn? Er det dei som bur i Noreg, dei som er fødd i Noreg eller dei som går rundt i norske luse-kufter?

Faktisk kan du kalle deg sjølv norsk utan å ha det fnugg ”norsk blod” i kroppen. Du kan ha pakistansk mor, pakistansk far, muslimske besteforeldre med terrorvåpen i kjellaren og likevel kalle deg sjølv norsk. Tru det eller ei men det einaste som skal til er å skaffe seg norsk statsborgarskap.

Mustafa Ali Amabad kler på seg crocs, anorakk, luse-kufte og raud topplue og går på Kiwi for å kjøpe joika-kaker, sveler og brunost. Han kjem heim til einebustaden sin i Bærum og lagar mat til dei to konene og dei 14 barna. Er Mustafa norsk? Altså, ein blir jo ikkje norsk berre fordi ein flytter til verda sitt beste land og kjøper verda sine beste joika-kaker. Han er framleis ein pakistanar og det vil han også alltid vere.

Mange meiner at for å kunne kallast nordmann må ein vere geografisk norsk, medan andre meiner at ein kan vere nordmann utan å vere norsk og omvendt. Nynorskordboka definerer nordmannen som ”person frå Noreg”. Førskolelæraren min tvang på Bawee, klassekameraten min, eit norsk flagg og sa at ”ein må vere norsk for å gå i den norske skulen.” og farmor skulda alltid på desse utlendingane, desse mørkhuda og desse muslimane. Er du norsk nordmann vart du fødd Noreg og har budd i Noreg heile livet ditt. Du går dagleg rundt i bunad og speler munnharpe for kyrne dine. Det finst så mange forskjellige meiningar og definisjonar på nordmenn at eg blir døsen.

Vi nordmenn meiner sjølvsagt at det å vere norsk er det beste som finst og at det å vere god er typisk norsk. Men ikkje alle nordmenn er heilt på høgda. Det finst ei eiga rase nordmenn. Ei rase som skremmande nok veks kraftig for kvart år som går. Dei har kvitt hår med gule striper, sjokoladebrunt ansikt, kvit kropp, fire feite augevippar og for små klede. Vi kallar utskota ”forbanna fjortisar”. Dei er ein trussel for det norske samfunnet på same måte som bussjåførar. Vi møter dei kvar dag, er du uheldig gjerne fleire. Dei gryntar noko om dårlig tid, forbanna ungdommar, legitimasjon og for mykje bagasje.

Vi kan vere stolte av å vere dei bleikaste, feitaste, mest overbetalte slappfiskane som reiser på ferie til Mallorca kvart år. Vi bestiller Charter-turar saman med hundrevis av andre sol-svoltne idiotar, pakker med oss badeklede og pengar, legg igjen solkremen og set oss på flyet. Vi er klare for å feste, drikke oss fulle og grille oss i den ufarlige sola som aldri før. Ola Nordmann er kledd i tennisstrømpene og sandalane, ein fleirfarga rumpetaske, beige kaki-shorts, kulemage og ein gamal caps han vann på ei bil-messe for altfor mange tiår sidan. Kari Nordmann har sandalar som gnagar, ein altfor kort kjole og lillabrun rynkete hud. Nordmann er best, nordmann er fest. Vi solar oss for mykje, et for mykje, drikk for mykje og bråkar for mykje. Til tider burde vi absolutt vere meir flau over å vere nordmenn enn andre gongar.

Men, tross alt er det faktisk vi som vinn skirenn og skøyteløp. Vi finn olje frå kjelder i kjølig strøk. Vi har høge fjell og djupe fjordar. Vi er fødd med ski på beina og Kvikk-Lunsj i lomma. Nasjonalt er vi best og ingen andre kan slå oss.

Nei du, nordmannen er ein herlig kar. Han heter Ahmed, har baggy bukser, bleika hår og pratar motherfucker-Oslo-språk. Han har ei lita blond fjortis-berte i armhola og tvinger bussjåføren til å gi ho barnebilletten før dei drikk seg fulle på rusbrus.

Nordmenn er nordmenn. Ferdig med den saken.



Leste du alt? Hihi.

11 kommentarer:

carokal sa...

Jeg leste alt! Bra kåseri :)

Iselin sa...

Jeg leste alt, du er sinnsykt flink til å skrive! :)

Anonym sa...

Ingenting å blogge om?
Har du glemt spørsmålene/kommentarene du skulle svare på?

Anonym sa...

Nice stil!! Hva fikk du på den?

.... sa...

haha, hææærligt!!!

Lisa. sa...

anonym: Nei, jeg har ikke glemt de. Kjekt at du venter på de :)

Takk til dere andre da! Jeg fikk 5, tror jeg :)

Superliciouz sa...

Hahaha :D Utrolig bra! Du skriver bra! (Tenk at jeg leste nynorsk frivillig på fritiden min! Ha ha, det burde du ta som et kompliment) høhø.

Karoline sa...

Du kan godt skrive stil om jeg kommer opp i norsk og nynorsk på eksamen..!

ingeborg sa...

Jeg leste gjennom det, og det var jo utrolig bra! Og nynorsken din var jo også dritbra. Du skrev skikkelig bra!

Lisa. sa...

Kjempekjekt med så mange koselige tilbakemeldinger! Takk :)

Anonym sa...

Bra skevet.
Jeg skrev også om nordmenn på tentamen.